Kor lenge skal vi godta nest best behandling for hjartet?
I Møre og Romsdal får vi ikkje tilgang på den beste behandlinga ved hjarteinfarkt (PCI). Pasientar blir sende ut av fylket med helikopter – og tida renn ut.

Skriv under – for betre behandling
Vis di støtte til arbeidet med å få på plass eit PCI-tilbod i i Møre og Romsdal. Vi treng eit hjartesenter. Eit PCI-tilbod her handlar om liv. Om rettferd. Om å vere nær. For når hjartet slit, skal den beste hjelpa vere nær. I dag får ikkje pasientar i fylket vårt den beste behandlinga ved hjarteinfarkt. Vi krev PCI-senter i Ålesund. Underskrifta di kan bidra til at fleire får den beste behandlinga
Ikkje send oss vekk når det hastar som mest
Kvart år blir det utført over 400 PCI-prosedyrar på pasientar frå Møre og Romsdal. Likevel manglar fylket eit eige senter. I mange tilfelle kjem akuttbehandlinga for seint – eller ikkje i det heile.
PCI er beste behandling
Utblokking (PCI) er den føretrekte behandlinga. Dette er europeisk og norsk fagleg standard for alvorlege hjarteinfarkt.
Vi bur for langt unna
Pasientar blir sende med helikopter til Trondheim. Dette er sårbart for vêr, stel beredskapskapasitet og tek dyrebar tid – i verste fall blir det for seint.
Volumkravet er oppfylt
Ålesund-helikopteret flyg over 100 pasientar til PCI kvart år. Totalt ligg talet på prosedyrar frå fylket stabilt over 400. Det er meir enn nok.
Kampanjen for PCI-tilbod på Sunnmøre
Kampanjen er eit samarbeid mellom Sunnmøre regionråd,og Foreninga Sjukehuset Vårt. Dei samarbeider for å få på plass eit PCI-tilbod på Sunnmøre, der akutt utblokking kan skje nært der du bur.
Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om kampanjen – eller om du vil dele ei fortelling om eigne opplevingar som pasient eller pårørande.
Ring eller send e-post til Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar i Sunnmøre regionråd. Du når han på telefon 41 04 88 31 eller e-post sverre.ovrelid.steen@sunnmoreregionrad.no